Læreplanen og del 5

Del 5 – Den digitale medborgeren

Kompetansemål:

  • reflektere over eigne digitale spor, utforske kven som har tilgang til spora, og drøfte korleis data og personopplysningar kan brukast eller misbrukast
  • utforske og presentere dagsaktuelle tema eller debatter ved å bruke samfunnsfaglege metodar, kjelder og digitale ressursar, og argumentere for sine eigne og andre sine meiningar og verdiar

Kjerneelement:

Undring og utforsking

Elevane skal kunne undre seg og reflektere over, og vurdere korleis kunnskap om samfunnet blir til. Dei skal få vere nysgjerrige og aktivt kunnskapssøkjande og ‐skapande saman med andre. Elevane skal innhente og bruke informasjon frå fleire og ulike typar kjelder for å ta opp forhold i samfunnet og deira eige liv. Dei skal kunne gjere ei kritisk vurdering av kjeldene med tanke på formål, tendens og kor pålitelege og relevante dei er.

Perspektivmangfald og samfunnskritisk tenking

Elevane skal kunne vurdere samanhengar i samfunnet ut frå forskjellige perspektiv. Dei skal kunne stille spørsmål til korleis makt er organisert, og korleis makt verkar. Dei skal òg utvikle kulturforståing og kunne forstå kvifor menneske tek andre val enn dei sjølve.

Medborgarskap og berekraftig utvikling

Elevane skal kunne vurdere bakgrunnen for, konsekvensane av og handlingsalternativ for berekraftig utvikling på individuelt, nasjonalt og globalt nivå. Medborgarskap og berekraftig utvikling handlar om demokratisk medborgarskap, samfunnsdimensjonen av berekraftig utvikling og korleis menneske samarbeider, organiserer seg og tek avgjerder i samfunnet. Dette inneber òg at elevane skal få handlingskompetanse til å medverke i demokratiske prosessar og samfunnsforming. Sentralt innhald skal sjåast i lys av det lokale til det globale, og urfolk og minoritetar sitt perspektiv.

Identitet og livsmeistring

Elevane skal forstå korleis menneske utviklar identitet og samhandlar med andre. Med utgangspunkt i si eiga livsverd skal elevane få ei forståing av kven dei er, og korleis dei kan meistre eigne liv.

Tverrfaglig tema:

Folkehelse og livsmeistring

I samfunnskunnskap handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om at elevane utviklar kunnskap om kva og kven som påverkar identiteten, sjølvkjensla, tryggleiken og tilhøyrsla deira. I faget møter elevane tema som kjønn, seksualitet, grensesetjing, rus, digitale spor og personleg økonomi. Dette kan bidra til at dei gjer gode livsval og får forståing og respekt for mangfald og for andre sine verdiar og livsval.

Demokrati og medborgarskap

I samfunnskunnskap handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om å auke det kritiske medvitet om samfunnet som elevane er deltakarar i. Elevane skal utforske korleis dei kan påverke samfunnet rundt seg i dag og i framtida. Det inneber at dei skal lytte til og la seg utfordre av menneske med andre synspunkt enn dei sjølve har. Gjennom faget skal elevane kunne identifisere område der menneskeverdet blir utfordra, til dømes i samband med menneskehandel og undertrykking. I tillegg skal faget gi dei kunnskap om nasjonale og internasjonale institusjonar og avtalar, inkludert kva internasjonale konvensjonar har å seie for rettigheiter til urfolk. Forståing om samanhengane mellom rettane og pliktene til individet, slik at dei kan bli aktive medborgarar, inngår også i dette.

Berekraftig utvikling

I samfunnskunnskap handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om korleis elevane kan bidra til ei berekraftig samfunnsutvikling gjennom å vere aktive medborgarar. Dette inneber å forstå samanhengar mellom individuelle val, samfunnsstrukturar og tolegrensene i naturen. Vidare skal elevane reflektere over korleis politikk, konfliktar, økonomi, teknologi og ressursbruk verkar saman og påverkar grupper i samfunnet. Berekraftige løysingar inneber òg å ta vare på verdiar som likeverd og mangfald.